fredag 27. april 2012

Fredagsdiktet: Legg ikkje ditt liv i mi hand


LEGG IKKJE DITT LIV I MI HAND

Legg ikkje ditt liv i mi hand
om min kjærleik er eit svar
min kjærleik er også eit rop
i motvind

Legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjande urt
som veks av tårer

Legg ein fugl i mi hand
ein pjusket liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge;
Kom tilbake når du vil

Legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman

Men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
Legg ikkje ditt liv i mi hand
Lev sjølv

(Åse Marie Nesse)

Ingen kommentarer: